Velkomen til oss!
Øystese tannklinikk held til i Hardangerbadet i Øystese, 10 minutt frå Norheimsund. Her vil du møte tannlege Miriam Sørheim Almeland MNTF og autorisert tannhelsesekretær Mailen Froestad.
Me tilbyr fagleg gode tenester, og fylgjer Den Norske Tannlegeforening sine krav til fagleg oppdatering. Ikkje minst ynskjer me å gjere tannlegebesøket så behageleg som råd, spesielt for alle dei som kvir seg til å kome.
Når du kjem til undersøking og behandling hjå oss, vil du få ein stor grad av kontroll over det som skal skje. Me informerer deg om funna vi gjer og eventuelle behandlingsalternativ. Dersom du ynskjer det, vil du kunne vere med å bestemme kva behandling som skal gjerast.
Reguleringstannlege!
Me er veldig glade for å annonsera at spesialist i kjeveortopedi Astrid Katle no skal starta ambulerande praksis hos oss!
Astrid er ein svært erfaren kjeveortoped, og kjem til å jobba ambulerande mellom klinikkar i Øystese, Arna og Odda.
Du kan lese meir om behandlingar her: https://kjeveortoped-arna.no/behandlinger/
Ved timebestilling er det fint om det blir spesifisert at det er til kjeveortoped.
Me ynskjer alle pasientar velkomen!
Tannlegevakt
Me tilbyr tannlegevakt til eigne takstar, så langt det let seg gjere. Du når oss stort sett alltid på vårt faste telefonnummer, også ettermiddag, kveld og i helger.